30 Oct

Fedmeforskingsdagane i Trondheim 2022 er historie og samla over 190 personar frå fjern og nær. Det vart ein flott og lærerik konferanse og den lokale arrangementskomitén fortener ros for framifrå planlegging og gjennomføring. Til slutt på konferansen vart det delt ut prisar for beste abstrakt. Vinnarane er Marte Aukan og Christina Edwards, høvesvis til venstre og høgre på biletet ovanfor. Prisen vart del ut av Ingrid S. Følling som er avbilda saman med vinnarane. 

NFFF gratulerer.