02 Mar
02Mar

Foto: Daniel Rørvik Davidsen/NRK

Norsk foreining for fedmeforsking sin pris for å fremme verdigheit og respekt for 2023 blir tildelt journalist og programleiar Ronny Brede Aase

Sjå video av kunngjeringa med president i NFFF, Mette Svendsen.   

Ronny Brede Aase er ein kjent og kjær medieperson som gjennom si personlege, ærlege og kunnskapssøkande hovudrolle i NRK-serien «Eit feitt liv» har medverka til å fremme kunnskap som kan bidra til at personar med fedme blir møtt med verdigheit og respekt, og til å førebygge vektdiskriminering i samfunnet. 

Å gjere dette krev mot, men som han sjølv seier: «Er det ikkje på tide at ein tjukk fyr får lage eit TV-program om helse?».

Gjennom sin varme veremåte og humor, som gir rom for det meir alvorlege, har han bidrege til å korrigere stereotypisk språk, bilete og forteljingar som urettferdig og unøyaktig skildrar personar med fedme som late og med manglande viljestyrke og sjølvdisiplin.

Aase har bidrege til å motverke stigmatisering ved å vise fram lærerike dialogar med fagpersonar om fedme og kroppsvektregulering. Serien har òg vist at det finst ulike synspunkt blant helsepersonell og ekspertar på tema innan fedme.

Pristildelinga baserer seg først og fremst på Ronny Brede Aase si historieforteljing og kva den kan bety, og ikkje at alt som blir sagt i serien nødvendigvis er heilt fagleg korrekt. NRK, med regissør Chris Veløy og medarbeidarar, skal ha ros for å ha løfta fram fedmens kompleksitet for det norske folk. Dette er eit viktig steg i riktig retning.

Serien blei svært godt motteken i befolkninga, med sjåartal på rundt 700-900 000 per episode. VG oppsummerte det slik: «Eit feitt liv» er noko så behageleg som eit personleg program om kropp, kilo og kaloriar – utan all den påtekne skamkjensla som gjerne følgjer med. Det er overraskande feitt!».

Med den nyskapande og verdfulle tilnærminga til eit tabubelagt tema er Ronny Brede Aase ein verdig vinnar til Norsk foreining for fedmeforsking sin pris for å fremme verdigheit og respekt.

Prisen blir formelt del ut på Norsk foreining for fedmeforsking sin konferanse i Tønsberg 1-2 november seinare i år.


NFFF gratulerer!