Vann pris for beste frie foredrag


23 Oct

På Fedmeforskingsdagane som blei arrangert i Bergen 21-22 oktober vart det delt ut prisar for beste frie foredrag. Det vart delt ut ein pris i klassen "basalforsking og mekanismar" og ein i "generelt". Prisen er på 5000 kroner, blomar heider og ære.

Det var mange gode foredrag og juryen fekk dermed ein vanskeleg jobb. 

Den eine vinnaren, til venstre på biletet, er Anne-Siri Fismen (Folkehelseinsituttet) med foredraget "Mechanisms behind the relationships between obesity and mental well-being". 

Den andre vinnaren, til høgre på biletet,  er Martha Eimstad Haugstøyl (Universitetet i Bergen og Helse Bergen) med foredraget "Karakterisering av naturlige dreperceller (NK celler) i fettvevet hos personer med fedme". 

Juryen bestod av Mette Svendsen, Jøran Hjelmesæth, Johan Fernø og John Roger Andersen. 

NFFF gratulerer.